Kokkenes Mesterlaug Sogn og Fjordane vart skipa på Førde Hotel i 1977 som underlaug til Bergen Kokkenes Mesterlaug ved dåverande oldermann Gunter Erlbeck. Tor Gulli vart innsett som formann. Startkapital var kr. 500,- som var ei gåve frå BKM. Fiskerisjefen i Sogn og Fjordane Rolf Petter Vetvik såg verdien i laugsarbeidet, og i samband med eit arrangement i Måløy fekk lauget ei gåve på kr. 5000,00. Denne store pengegåva vart høgt vedsatt, og gav lauget eit godt økonomisk grunnlag.

I 1985 vart Kokkenes Mesterlaug Sogn og Fjordane skipa som eige laug, og Hans Heinzberger vart valgt til lauget din første oldermann. Harry Ertresvaag, Randi Farsund, Anne Grete Førde og Steinar Lindstrøm har også hatt verv som oldermann. Steinar Lindstrøm er den som har fungert som oldermann i flest periodar, i tilsaman 15 år.

 

Arrangerte landsmøte/rep.møte:

  • 1987 på Alexandra Hotel i Loen, der lauget i samarbeid med Stryn vidaregåande skule også arrangerte fyrste Norgescup for kokk og servitørlærlinger.
  • 1996 på Sunnfjord Hotel (rep. møte). Samme året nytta Harald Osa og landslaget Øyrane vidaregåande skule som treningsarena før OL i Berlin.
  • 2008 på Rica Sunnfjord Hotel.

Lauget har i fleire år vore  medarrangør til Tine Meieriet sin Gammelostfestival i Vik i Sogn, og i samband med Førde Internasjonale Folkevisefestivalen har lauget ansvar for gjennomføringa av frokosten som vert servert på Langebrua. Ellers er lauget opptatt av lokale råvarer og har deltatt i Smaken av Norge med produkt som har fått hederlig omtale kvart år.

 

Sogn og Fjordane har kvar år deltatt med lærlinger i NC`n i Stavanger, og kvalifisert seg til 8 gonger til finalen. I 1989 vant lærlingane gullmedalje, og seinare 2 bronsemedaljer.

 

 

Lokale Sponsorer