Foto: NKL Sogn og Fjordane
Laksens Dag i Florø 20. juni blei ei stor suksess, der kokkar og lærlingar saman skapte fantastiske smaksopplevingar for fleire tusen besøkande.
Bak arrangementet står personar frå havbruksnæringa lokalt i Florø. Sjømatfestivalen har i snart 15 år hatt eit tett samarbeid med Norske Kokkers Landsforening Sogn og Fjordane, og kokker frå heile fylket er til stades og serverar smaksprøver av spannande nykomponerte rettar, saman med Svanøy Røykeri AS og Godfisk.no. Gjennom dagen fekk publikum høve til å smake eit breitt utval sjømatrettar og lære meir om norsk sjømat og matglede.
Gjennom slike arrangement bidreg NKL Sogn og Fjordane til å løfte fram norsk sjømat og inspirere nye generasjonar til å velje matfaglege yrke. NKL arbeider for å fremje norsk matkultur, styrke rekrutteringa til kokkefaget, og utvikle kompetanse blant både unge og erfarne kokkar.
Mange tusen smaksprøver
Førebuingane til arrangementet starta allereie onsdag ved Restaurant- og matfag på Førde vidaregåande skule. Frå onsdag til fredag deltok medlemmar i omfattande førebuingsarbeid før råvarene vart frakta til Florø. Totalt deltok 14 personar under sjølve arrangementet.
Under Laksens Dag laga kokkane eit imponerande tal smaksprøver. Om lag 5-7000 besøkande fekk smake på ulike sjømatrettar, og det vart servert seks forskjellige rettar, i tillegg til ei smakfull fiskesuppe.
Barnas kjøkken – populær aktivitet
Eit av dei mest populære innslaga var Barnas Kjøkken, der barn fekk prøve seg som småkokkar og lage sin eigen fiskepakke. Her fekk dei lære om sjømat og matlaging gjennom praktisk arbeid med fisk, skalldyr, grønsaker og anna tilbehøyr. Aktiviteten kombinerte læring og matglede på ein måte som engasjerte barn i alle aldrar.
Arrangementet var organisert med tre ulike aktivitetsstasjonar, med 14 lokale kokkar og ein kokkelærling frå Equinor. Det gode samarbeidet mellom fagmiljø, næringsliv og utdanning bidrog til å skape ei innhaldsrik og lærerik oppleving for både deltakarar og publikum.
Feiring av norsk sjømat og matglede
Med mange tusen utdelte smaksprøver, stor aktivitet og engasjerte deltakarar blei Laksens Dag i Florø ei ekte feiring av norsk sjømat og matglede. Arrangementet synte kor viktig samarbeid mellom skule, næringsliv og fagorganisasjonar er for å fremje både matkultur og rekruttering til kokkefaget.











