Foto: NKL Sogn og Fjordane/Reodorklubben
I februar 2026 inviterte NKL Sogn og Fjordane til årets utgave av MiniChefs, eit matgledetilbod for ungdom mellom 12 og 15 år. Over fem innhaldsrike kveldar fekk deltakarane lære grunnleggande kokkekunst, hygiene, samarbeid og ikkje minst korleis ein kan skape store smaksopplevingar heilt frå bunnen av.
Med totalt 12 deltakarar, stod fem engasjerte medlemmer frå NKL Sogn og Fjordane bak gjennomføringa, støtta av Reodor-klubben på Breim.
Fagleg utvikling frå første til siste kveld
Første dag vart deltakarane introdusert for god kjøkkenhygiene og samarbeidsteknikkar – ein viktig grunnmur for resten av kurset. Deretter laga dei sin første rett: ein klassisk og smaksrik Pasta Carbonara.
Smaksrike og lærerike arbeidsøkter
Gjennom dei neste kveldene gjekk deltakarane frå grunnleggande teknikkar til meir avansert matlaging:
- Dag 2: Kjøttbollar i fløtesaus, potetstappe og rørte tyttebær.
- Dag 3: Produksjon av sjokolade og is til restaurantkvelden. Dei beinte ut svinekam, fylte den med eple og svisker, og kokte kraft både av kjøt- og fiskebein.
- Dag 4: Fokus på sjømat og tradisjonelle rettar. Dei laga fiskekaker, suppebollar, dampa blåskjel og renska kamskjell og scampi til fiskesuppe. I tillegg vart kål gjort klar til surkål og mykje forarbeid gjort til restaurantkvelden.
- Dag 5: Siste finpuss – når forrett, hovudrett og dessert vart fullført og klar til servering.
Ein uforgløymeleg restaurantkveld
Avslutninga på MiniChefs 2026 var ein storslått restaurantkveld, der ungdommane sjølve stod for matlaging, plating, servering og gjennomføring for foreldre og inviterte gjester. Menyen var både variert og imponerande:
Menyen
Forrett:
Krema fiskesuppe med purreløk, gulrot, sellerirot, blåskjel, kamskjell og scampi.
Hovudrett:
Fylt svinekam med surkål, gulrot, broccoli, kokte poteter og heimelaga brun saus.
Dessert:
Sjokoladefondant med is og konfekt – laga heilt frå grunnen av.
Resultatet vart ein vellukka kveld med gode smakar, stolte deltakarar og imponerte gjester.
Stoltheit og samarbeid
Gjennom alle fem kveldar viste ungdommane ein imponerande innsatsvilje og læringslyst. Dei jobba strukturert, kreativt og med stor respekt for kvarandre – noko som skapte eit varmt og trygt læringsmiljø.
Det gode samarbeidet mellom NKL Sogn og Fjordane og Reodor-klubben på Breim bidrog sterkt til at MiniChefs 2026 vart ei suksesshistorie.
Leiar for prosjektet, Arve Myklebust, uttrykker stor takknemlegheit overfor alle som bidrog:
”Det har vore ei glede og inspirasjon å få vere med å gjennomføre MiniChefs på Breim. Ungdommane imponerte oss kvar einaste kveld. Ein ekstra takk går til medlemmene i NKL Sogn og Fjordane som stilte opp og gjorde dette mogleg.”
MiniChefs – meir enn matlaging
MiniChefs 2026 vart ikkje berre ein arena for kulinarisk læring, men også ein møteplass for meistring, samarbeid og gode opplevingar. Med så mykje engasjement, talent og arbeidsvilje er det tydeleg at framtida er lys for dei unge matentusiastane i regionen. Vi håpar dei har blitt inspirerte til å velja kokkeyrket, og at vi får sjå dei igjen i restaurant- og matfagutdanninga i nær framtid!











