VM i vektløfting 2025 vart ein folkefest
Den første veka i oktober vart Førde, den vesle byen i Sunnfjord, forvandla til ein internasjonal arena for styrke, samhald og fest då VM i vektløfting gjekk av stabelen. I ti dagar var byen kledd til høgtid, og tusenvis av menneske frå heile verda fann vegen til Vestland for å oppleve verdas sterkaste kvinner og menn konkurrere i Førdehuset – storstova i regionen.
Folkefest i sentrum
Med gratis underhaldning kvar dag, ein vikinglandsby med vikingskip og aktivitetar for både store og små, pynting i butikkane og god mat og musikk i gatene, vart VM meir enn berre eit idrettsarrangement – det vart ei feiring av lokal kultur og dugnadsånd.
NKL Sogn og Fjordane – matglede og dugnadsånd
NKL Sogn og Fjordane spelte ei sentral rolle i arrangementet. Med 20 personar på vaktplanen over 10 dagar, laga dei mat til sponsorar, næringsliv, frivillige og VIP-gjester – over 1000 menneske. Kokkelærlingar og restaurant- og matfagelevar frå Førde vidaregåande skule bidrog med prepping og servering av trerettars middagar med ørret som hovudråvare. Dei serverte også fårikål til frivillige og Nortura-personalet – og ikkje minst pølse i brød til Kong Harald (- slik han sjølv ønskte).
NKL Sogn og Fjordanes styreleiar, Bodil Erdalsdal organiserte vaktplan/servering, planlegging og møter i lag med serveringsansvarlig Bjørn Hundershagen i VM-komiteen. Dugnadsånda var på topp, då vart det lett å arrangere dette.

Solfrid Koanda – gullhelt på heimebane
Solfrid Koanda frå Grimstad tok gull i 86-kilosklassen med eit samanlagt løft på 272 kg (120 kg i rykk og 152 kg i støt), og sikra Noregs einaste VM-gull i meisterskapen. Kong Harald, Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og statsminister Jonas Gahr Støre var til stades og gratulerte Koanda personleg.

Saman er vi sterke
VM i vektløfting 2025 i Førde har vist at sjølv den minste byen (som har arrangert VM i vektløfting) kan ha det største hjartet. Med lokal innsats, internasjonal deltaking og ei enorm dugnadsånd frå 800 frivillige, vart arrangementet ein suksess både sportsleg og kulturelt. Som styreleiar Bodil Erdalsdal sa:
«Saman er vi gode – vi løfter i lag»